onsdag 31. desember 2008

Schnuppiduppidu - I love you

Då var julo totalt over, og det synst eg er supertrist :( Mest fordi nieso mi, Malene, har reist heim til Oslo igjen.

Eg berre mååtte legga ut noken bilete av gojento:)

Malene fekk mandelen på julafto
Tidlig på morgonen i den nye favorittkjolen ;)

Nissejentene

laurdag 27. desember 2008

Rosa julepresang

God jul!

Då var det romjul, og året er snart over. Eg har feira julo saman med familien min på Valvatna, og søster mi, kjærasten og nieso mi Malene. Ho er forresten verdens finaste jenta :)

Ellers vil eg meddela at eg har fått meg ein ny blogge-PC, nemlig ein acer aspire one, type rosa, av mamma, pappa og Thomas :) Kooos!

Håper at dåke har hatt ei lika fine jul som meg. Og forresten, Alias er verdens kjekkaste brettspel!

onsdag 17. desember 2008

Det er ikkje såå lenge til sommaren

Så har altså dette året komt og gått like raskt som alle dei andre. No er eg heima på Stord for ei lito stund, men må tilbake til Bergen i morgon tidleg for å ha samtale med hovudlæraren min om korleis dette halvåret er gått. Og så er det Ylvis III med Thomas på fredag :D Og øl. Har berre drukket ein gong siden eg flytta til Bergen. Ja, eg er ein skuffande student. Men ein travel ein. På lørdag reiser me endeleg heim til jul, og då sit Malene og venter på meg heima på Valvatne :D
Uansett, det eg vil fram til er at alt går så raskt. Det var nett sommarferie, og no er det snart jul, og Thomas har invitert meg med på ferie til sommaren. Ja, eg har verdens beste kjerist! Eg har fått eit dilemma av han: Roma eller Paris. Herregud, då! Kunne han ikkje heller sagt Hellas eller Bø i Telemark? Det er jo så og sei umulig å velga mellom to sånne flotte, romantiske byar.. Hjelp meg!
Kor ville du reist? Har du vore i ein av byane kanskje? Kjenner du noken som har?

Eiffeltårent, sjanse li se (som eg ville skrive da)

Coloseum, middelhavstemperatur...

torsdag 11. desember 2008

Jul i stovo!

Julo nærmer seg, og Gunhild gleder seg akkurat så masse som Gunhild gleder seg kvart år. Massemassemasse. Eg har prøvd å laga litt julastemning i leiligheten, og her er resultatet.

Mappeinnlevering

Så forferdelig deilig da er å nærma seg jul, når du veit at du fortjener den ferien. No er eg inne i mappeforbetringsdelen, og har ei veka på meg til å fikse på det som det trengs, som skal inn i mappo. På måndag må me levere inn mappa vår, saman med skisseboko, og neste fredag skal eg ha 20 min. samtale, der eg blant anna skal få veta kvar eg ligg på karakterskalaen. Uoffisielt. Deilig. No sit eg altså heima kvar dag, og arbeider med mappo, samtidig som eg har masse fri innimellom ;) I går var eg og Thomas på IKEA og kjøpte nokre småting, og så såg eg på kvitteringen etterpå at me ikkje hadde betalt for dei to persiennene me hadde kjøpt. Haha, så gøy! Det var ikkje vår feil, altså. Eg satte vogna med persienne i, foran han, men han har tydligvis ikkje fått det med seg. Veldig fint for oss! Jaja.. skal prøva å vera litt flinkare å blogga framover, veit kor kjedelig det er å tusla rundt på bloggane til vennene sine, og så er det det same som står der dag etter dag.

Tuddelu :)

Litt etter litt blir mappo fylt opp..

.. og Gunhild er blid.

laurdag 6. desember 2008

Tagging, kjære lesarar!

Då var altså taggingo i gang! Silje har altså tatt seg bryet å legga link til bloggen min inn på hennas side, samt skrive litt om seg sjølv.

Slik er tydlegvis reglane:
- Du må lenke til den du vart tagga av.
- Lag ei liste med seks (u)interessante ting om deg sjølv.
- Tag fem andre bloggarar og let them know.

Eg tagger:
- Katrine
- Nurxhan
- Camilla
- Merete
- Og Silje igjen slik at det blir 5 :p

Ok. Då var det seks ting om meg sjølv:

- Har som mål å bli ei kreativ sjel, byrja med scrapbooking, lage kort, bli flinkare til personlege gaver osv.
- Trur eg er blitt avhengig av kaffi - hovudverk utan.
- Satte meg ved ein datamaskin når eg var superduperliten, og lærte meg alt sjølv. I staden for å bruke ctrl + c (kopiere) og ctrl + v (lime inn), skreiv eg milelange nettstadadresser ned på papir, og skreiv det deretter opp i adresselinja igjen for å komme inn på sidene. Ja, det tok tid.
- Eg blei igjen med Thomas etter å ha kjent han ei veka.
- Silje: eg må innrømma da, eg speler Warhammer.

onsdag 26. november 2008

10 000 tommeltottar!

Eg har ein ny hat-ting på listo mi. Bygga modell.
Eg føler meg som i ein amerikansk serie som må bygga vulkan i skuleprosjekt. Eg vil ikkje vera amerikansk. Ikkje vil eg bygga modell heller. Eg vil ikkje.


Okey, så gale er det ikkje, men herregud kor lei. Eg har 10 tommeltottar, og har ingen interesse for å få meg så mange andre typa fingrar. Det kan andre få ta seg av. (Thomas....) Eg kan godt ta oppvasken dersom han fikser bilen. Sånn er det berre.

Me har altså måtta bygga modell av det huset me har prosjekt om no, eit rekkehus til ein familie på 4. Her er nokre bilete frå dei "fantastiske dagane". Godt å komma seg tilbake til teiknebrettet, den settingen er meir Gunhild. (Og i tillegg så slepper Gunhild og Camilla å fresa endå meir).

Cecilie og Stine Marie
Ine lager møblarEg smiler tappert, mens Camilla arbeider flittig.
Du er så flinke, atte.
Litt av huset før trappo er på plass.

laurdag 22. november 2008

Effektive Gunhild.

Dette har faktisk vore ein litt imponerande dag for min del. Eg stod opp idag tidleg (wow), gjorde ein del leksa, og så var det treningstid (gjekk ned til treningssenteret). Etter å ha svetta suuupermasse handla eg inn til kvelden. Så gjekk eg heim, dusja og gjorde endå litt meir leksa. Deretter begynte eg å baka brød, samtidig som eg lagde meg kvelds (kyllingfilet med fløytesaus, ris, stekt løk og grønnsaker, NAM). Deretter var det tid for å rydda kjøkkenet og legga samen nyvaska kler, og heilt til slutt var det julegaveresearch på nett. Meir effektiv dag enn detta er det lenge sio eg har hatt. Antakeligvis så skylda da den drikken og den litle energibaren eg kjøpte på treningssenteret etter trening.
No er eg forresten stuptrøtt.
Heimalaga jordbærsyltetøy på nybakt brød. Mmm..

Årsaken til min energirike dag?

måndag 17. november 2008

Julekalender

Okey, no er det på tide å gjera dåke klare til jul.
Meld dåke inn i dinna julekalenderen, og hjelp meg samtidig med å gi meg invitasjonspoeng ;)

laurdag 15. november 2008

Star Wars-fan?

Kos dåke med dinna, imponerande kva folk kan mekka samen.

onsdag 12. november 2008

Hurra!

Endelig litt fri. Det krev eit hurra, med utropsteikn! No har eg og den superkreative gruppo mi arbeidd dag og natt (heim til hotell cæsar) for å få klart prosjektet til den 12. november. Skummelt. Lærarane er skumle. Men eg klarte å gi frå meg eit blikk då eg blei avbrytt. Ikkje avbryt meg når eg konsentrerer meg om å snakke på ein normal måte. Og om eg då kjem med nokre litt rare uttalelsar, eller ikkje minst, oppbygging feil i setningar. Ignorer. Eg kan vel ikkje for da, det er vel det som er min litle skjønnhetsfeil. Jada, kjempeskjønne. Prosjektet gjekk bra. Me framførte, fekk veta kva som var feil, og gjekk letta heim over. Ei heil veke til neste prosjekt buldrar i gong. Det skal eg nyta saman med søster mi og den vesle tanteungen min som kjem heim til Stord idag frå Oslo, eg skal reisa med dei frå Bergen. Difor må eg hoppa i dusjen og eta frukost.


Eg skal leggja ut prosjektet så snart eg får det av gruppeleiaren ;)


Eg hadde ikkje noko passande bilete til dette innlegget, og la difor eit bilete av favorittblomen min, Gerberra, som eg forresten fekk ein bukett av frå Thomas sist veka. Heldige meg.

torsdag 30. oktober 2008

Og så var det visst jul og...

Okei.. Kunne ikkje dy meg. Hørte på Erlend Bratland sitt nyaste album for å hørra om da var noko tess, og då kom plutselig songen "River". Og den fekk meg til å tenka på når Robert Downey Jr. song den i Ally McBeal :) Det er den rollo eg liker med han, den der snille, syngane "Robert". Kos dåke med dinna og i samme sleng :)

Her kommer vinteren

Då var vinteren her fo fullt, og eg fryser av meg alt håret her eg sitter i leiligheten. La gradetingen vår på kanten av sofaryggen idag tidleg, og den visste mellom 12 og19 grader. Er ikkje løye eg sitter å skjelve når eg ser på TV. Men heldigvis så er vinteren ganske så gode, utanom kalde leilighetar. Julo er jo rett rundt hjørna, det er kjempekoselig å sitta inne, og i tillegg så kjem all den fine vinter- og julemusikken. Eg har fremdeles klart å holda meg når det gjeld julamusikken, men dinna "vintersongen" kan vera god i ventetido. :) Enjoy.

tysdag 28. oktober 2008

Om eg berre var god i Photoshop

Eg irriterer meg over folk som er fotogene. Ikkje at det er deiras feil, men det berre irriterer at dei "får det til", mens eg må ta ein heilt fotoserie for å sjå OK ut. Og ikkje minst kjendisar då, fine heile gjengen, jo!

Men då hjelper det godt på å finna slike filmar som ditta
her. Håper eg kan redda dagen dåkas, der ute.

søndag 26. oktober 2008

Plutselig blei mandagen veldig gode!

Alle som kjenner meg godt veit kva slags musikk eg liker. God musikk. Med andre ord: norsk musikk. Vamp sin musikk har vore i livet mitt heilt frå eg var lito jenta. 5 år gammal fekk eg "Vamp - God morgen, søster" på kassett på julafto av julanissen (aka pappa moss eller naboen, har forresten aldri sitt at det var naboane våre som var julenissa hos oss på tur, snakk om å bli lurt!)


Uansett, Vamp har eg altså likt i 15 år, det er ganske lenge for ein 20-åring å vera. Og eg har fulgt Jan Ingvar Toft, jentefuten Vidar Johnsen og no til slutt Paul Hansen frå start og til no. Og eg anbefaler detta sista albumet deiras sterkt, dåke som liker Vamp liker dette :) Eg synst det var vanskelig å sjå at Jan Toft skulle slutta og Vidar Johnsen ta over, for dei var så vidt forskjellige, både i stemma og type, men overgongen til Paul Hansen har vore superlett (haha, eg holdt på å skriva supervamp). Jaja.. Det eg vil fram til er at Paul Hansen har ei flotte stemma, og "På Bredden" er f.eks. heilt nyydelig. Odin Staveland, som også er ny i Vamp syng og ein song på dette albumet, og Tvangstanker ligner faktisk ein god del på songane frå hans tidligare band: "Haugesund Popensemble". (Vil anbefala deiras album og eg) :)




Vamp - St. Mandag = Verdt kvar krooona!

Å vera sosial. Kva er det?

Då fekk eg endelig oppdatert bloggen! Eg har nemleg hatt eit svært tidskrevande prosjekt på skulen no. Frå sist fredag til onsdagskveld arbeidde eg i 53 timar heime med lekse. Det er forferdelig masse, og gjorde at eg mista mitt sosiale liv for ei stund. Men no er eg back on track, det vil sei, eg byrjar med eit nytt prosjekt igjen imåro, men trur ikkje det vil vera lika tungt.. *krysser fingrane*.
Her er forresten bilete frå prosjektet me nett hadde, som gjekk ut på å innreie ein kompaktbustad på 45 kvm til ein student. Eg valte ein skandinavisk stil til Linnea på 21 år, med bar på kjøkkenet, og julebelysning på verandaen. Og ikkje minst ein hjort over sofaen. Alt er teikna for hånd. :)
Plansje med oppgåvetekst
Møbleringsplan (viser kor møblane skal stå)AksenometriteikningOppriss A:A og B:B
Oppriss C:C og D:D
Belysningscollage (lampane som skal brukast)Teknisk belysningsplan (kvar belysningen skal vera)

onsdag 1. oktober 2008

Tema 2 - Soverom

Då var endelig første prosjekt over. Eg skriv endelig fordi det har vore utrulig tungt sidan det var den første skikkelege oppgåvo vår. Natt til tysdag sat eg oppe til halv 3 på natto for å teikne ferdig, og då onsdagen endeleg kom og presentasjonen var over var eg i skyene. Dvs. det er fortsatt onsdag, men etter å ha gått i djup søvn etter at eg kom heim (der eg forresten drøymde om planteikningar og prosjekt) hadde eg fått tilbake nok energi til å faktisk oppdatera bloggen. Forresten så har eg kost meg veldig mykje med dette prosjektet, eg trur dette er noko for meg. I alle fall på dette nivået ;)

Her er forresten prosjektet mitt, med teikningar og plansje, så kan dåke sjå ka me driver med.


Oppgåva mi:
Oppgåva gjekk ut på å innreie eit barnerom til to brødre. Innanfor dei fire veggane skulle det vera plass til klede, skulebøker, pult til lekser, ein ekstra overnattingsgjest og ikkje minst plass til leik.

Familien Johansen består av mamma Anita, pappa Fredrik, Jonathan på 7 år og Mathias på 9 år. Dei bur i ein treromsleilighet, og treng difor ei god løysning på plassmangelproblemet sitt. Mathias har ADHD, og dette var veldig viktig å ta hensyn til, i forhold til fargar, organisering og aktivitet til han. Han er i tillegg veldig glad i fotball, og med ein far som trenar er det ikkje rart han vil bli fotballspelar når han blir stor. Jonathan er av den meir rolege typen, han liker dinosaurar, teikneseriar, lesing og maling, og for han var det difor viktig å få ein roleg krok der han kunne kose seg med sitt.



søndag 21. september 2008

Søndag, men ikkje skulefri.

For første gong på snart 1 1/2 år har eg plutselig leksa igjen. Heldigvis er denne typen leksa litt betre enn den mattelekso, eller ikkje minst, NATURFAG-lekso me hadde på på Vidaregåande. No er det i grunn meir kos, me har nemlig begynt å læra å teikna planteikning, og sjølv om det er masse arbeid (eg har jobba med det i sikkert 7-8 timar idag og er halvveis), så er det kjekt. Det eine minuset er berre at armane mine er endå ikkje blitt noko betre, så eg treng mange pausar når eg teiknar, og eg endar til slutt med veldig vondt i armane, kjenner det svir oppover musklane nettså. Ikkje så deilig som det høyres ut som. Då er det godt det finst Orudis og is-gelè;)

Oppgåva eg arbeidder med no er å teikne mitt eige soverom. Måle opp, teikne planteikning, veggoppriss av dei veggane der det skjer noko (f.eks. dører, vindauger osv), og heilt til slutt teikne alt på nytt inni A3-format med tittelfelt, og med tusj. Altså ein del arbeid. Men eg skal nok bli ferdig til slutt, har som sagt kome halvveis no, og har studiedag i morgon, så skal arbeidde med resten då. Det som er litt kjekt med at eg får arbeidde med soverommet mitt, er at eg held på å planlegge korleis eg vil ha det der inne. Skal kjøpa oss ny garderobe og allting. Spennande :)

Min arbeidskrok.
Den første planen av rommet.

Grunnen til at eg faktisk har klart å arbeidda i såpass mange timar i dag er fordi Thomas framleis er i Nordsjøen, han reiser til Stord i morgon, og kjem til meg på tysdag, med bil og sertifikat! Så eg sit her aleina. 2 veker har vore lenge, og eg har begynt å tenka meir og meir på å skaffa med ein pusekatt. Sidan Simba dø midt i julaferien i 2005, har eg hatt så lyst på ein ny, men mamma og pappa har hatt rett når dei har sagt at det ikkje passar. Ein pus har du jo i mange år, og når eg bur i by og reiser heim i helgene, så er det jo litt vanskelig å ha ein pus. Ikkje kunne eg ha hatt den med meg heim i helgene heller, sidan armane mine er lika sterke som.. Vel, dei er så svake, at det er ingenting dei kan samanliknast med. Men desse to vekene har tanken streifa meg igjen. Eg reiser jo ikkje så ofte heim til Stord, og så lenge pusen har mat vil den vel klara seg i 2-3 dagar heilt aleina? Eg har t.o.m nett høyrt om ei som har fått seg pus her i Bergen, men som eigentleg er frå Stord. Tenk så koselig då! Når eg sitter her aleina i fleire veker så har eg noken her med meg som eg kan kosa med og snakka til. Ja, eg snakker med pusar.

Viss det er noken som har erfaring med å ha pus og vera student i ein annen by, pleease fortell meg. Eg har så lyst på ein liten pusekatt :)

Bilete av Simba, verdas finaste pus, som desverre måtte avlivast etter ei trafikkulykke:(

søndag 14. september 2008

Den dagen Penny Pingvin redda meg.

Jepp.. Så var det min tur til å bli sjuk dinna gongen. Og det som er så kjedelig! Spesielt siden viasatfolko endå ikkje har fått montert parabolo vår (sidan eit hus står i vegen må me antakeligvis bestilla lift for å få den opp. Berre 1500-2000 kr..), men mest og fordi eg sit her i leiligheten heilt aleina. Thomas er i Nordsjøen, og kjem kje heim før om 9 dagar. Det er ikkje sånn det fungerer. Når du er sjuk skal du få trøyst, massasje, mat skal bli servert, og eit "ååh, dakar deg som er sjuk", skal koma annakvar time, minst. Så kva gjer eg på? Når eg ikkje snyter meg, sover eller hoster ser eg på Sex og singelliv (som btw er kanonkjekt, takk for tips Marit), eller så "surfer" eg på nett. Og idag, via Katrine, fant eg fram til Silje sin blogg. http://siljeht.blogg.no Veldig koselig og lesa :) Men det som fanga interessa mi mest var sida om spelanbefalingar.

"Du styrer Penny Pingvin som har gått seg vill og treng å finna tilbake til familien sin. Difor har ho fått jobb som servitør for å tena opp nok pengar. Her kjem du inn i biletet, og du må hjelpa Penny med å finna bord til de andre pingvinkundane, ta imot bestillingar, servera dei maten og tilslutt ta i mot pengar og tips."

Så fantastisk kjekt, tenkte eg! Det er akkurat dette eg treng no. Og der satt eg, i godt over ein time, og koste meg med "Penny Pingvin". Anbeaflast sterkt på ein kjedelig søndag, eller ikkje minst, ein søndag du er sjuk og ikkje har meir enn 4 kanalar på TV!

Prøv spelet her

søndag 7. september 2008

Nettsider eg anbefaler:


- www.fabchannel.com - konsertar frå veldig mange artistar, bl. a. Thomas Dybdahl, Bright Eyes, Duffy, Iron & Wine, Jimmy Eat World, Sondre Lechre, Ane Brun ++
- www.last.fm - registrere musikken du speler i f.eks. winamp, og lager alleslags lister over kva du høyrer mest på osv. Mykje anna du også kan bruke den til.
- www.panduro.no - for dei som liker å drive med scrapbooking, strikking osv.

Tilbake på skulebenken

Då har eg og Thomas flytta til Bergen. Me har til og med oppvaskmaskin! Herregud, så fantastisk! Aldri undervurder da vidunderet av ein gjenstand. I tillegg til å ha flytta inn og slått oss til ro i Bergen, har eg begynt på interiørlina på Norges Kreative Fagskule. Der koser eg meg veldig foreløpig, blir spennande når me skal byrja med skikkelige prosjekt og slikt.

Det som var morsomt når eg kom første skuledagen, var at det var kanonmasse kjendsfolk som og gjekk/skulle begynne der. Linn Therese, Ida, Therese og Mona frå media, Henriette som eg gjekk i klasse med siste året på vgs, Christine som eg var masse med før, og Øystein som gjekk i parallellklassen min i 9 år :) Veldig kjekt!

Det eg no kvir meg mest til framover er all teikninga me skal drive med. Eg har nemlig aldri teikna noko særleg, etter 10-årsalderen, og kan i alle fall ikkje alle disse teknikkane og navno på alt utstyret så finst. Mamma er likevel så snill at ho seier til meg at: åh, var det ein teikning? Eg trudde du hadde tatt bilete av den! haha, jaaa..... Takk takk!

laurdag 16. august 2008

Tilståelse

Alle har vel noko dei helst ikkje vil innrømma til verden rundt seg. Og det eg no må tilstå er noko som eg verkeleg trudde eg var "over". Eg elsker suppemusikk, boybandmusikk.. Det vil sei: ikkje alt. Eg liker Westlife, Brian McFadden, Christian Ingebrigsten.. Eg nyter det faktisk! Men då må eg samtidig få sagt at det finst forferdelig mykje dårligt der ute. Eg liker f.eks. ikkje Backstreet Boys, Jonas Brothers og alle disse alle dustegruppene. Det er Westlife som er kult! Eg traff dei jo på 15. års-dagen min i Oslo! Fekk klem og allting.. *bevis på veggen på rommet heima hos mamma og pappa*.

Men eg har altså dinna "vanlige" musikksmaken min og. Thomas Dybdahl, Sondre Lerche, Vamp....

Gode songar for tio:
Melee - Built To Last
Missy Higgins - Where I Stood
Jackson Waters - Come Undone

måndag 28. juli 2008

Home, sweet home!

Det er egentlig 1 måned sio me kom heim frå USA, men eg har ikkje komt på å oppdatera her ;)
Eg har på dinna tio og vore i Kristiansand med familien min, og lekt oss i Dyreparken og på Kaptein Sabeltann. Fantastiske Sabeltann!


No har eg 2 arbeidsdagar igjen på YX, Heiane, og eg må innrømma det skal blit litt godt å vera ferdige. No er der berre skule, skule, skule som gjeld. Men først 1 måned til med sommarferie. HAHA!



Times Square

Empire State Building

Brooklyn Bridge

Familietur i Kristiansand



Kaptein Malenetann;)

laurdag 31. mai 2008

Hvor er krøllene mine?

Før:

Etter:

New York, New York....!

No er det 100 % sikkert!
Eg og Thomas skal til New York i juni! Heeeile 11 dagar skal me bu på Manhattan, rett ved Central Park, Broadway og der alt skjer. Det har ikkje heilt gått opp for meg endå, for New York har vært ein av dei plassane i verden eg har tenkt at eg "ein gong i livet vil oppleva". Og plutselig så blir da virkelighet :)
Trur eg må lasta ner Sex and the city og sjå før eg reiser...

Eg e misunnelig på meg sjølv!

søndag 9. mars 2008

Ut i vår hage ft. Thomas Dybdahl

Finaste jento

For eit par helger siden hadde eg, mammen og pappaen min besøk av mi kjære niese, eller tanteungen min som eg liker å seia. Koooos :D

onsdag 2. januar 2008

Godt nytt år!

Då var det nyår. Tida for nye moglegheitar, nye forsett og ikkje minst nye mål. Det er det som er litt godt med å gå inn i eit nytt år. Det blir litt som å starte på ny. "Aaah, i år skal eg vera supersnille mot alle eg kjenner, eg skal jobba masse masse, tjena superdupert med pengar, vera supersosial, gå ner dei 5 kiloane, og ikkje minst begynna å lesa." Herregud, eg sku ønska det var mogleg å setja seg ner å berre lesa. Men det er det ikkje. Liggjande her i senga ved siden av meg no ligg det ein som gjerne vil bli tatt på. Han e lys og fin, litt tjukk, og så er han lånt. Al Gore. Gode, gode Al Gore. Eg skal lesa deg ein dag. Og eg lover at eg skal opna deg bittelitt rett etter at eg er ferdig med å skrive dette. Ikkje at det eg skriv no er så viktig. I alle fall ikkje så viktig som "den globale klimakrisen - vår tids største utfordring".


Uansett. Godt nytt år venner og bekjente. :)
ps. Har feira jula på Gran Canaria saman med mammo, pappen, brodern og kjeristen denna julo.