onsdag 2. januar 2008

Godt nytt år!

Då var det nyår. Tida for nye moglegheitar, nye forsett og ikkje minst nye mål. Det er det som er litt godt med å gå inn i eit nytt år. Det blir litt som å starte på ny. "Aaah, i år skal eg vera supersnille mot alle eg kjenner, eg skal jobba masse masse, tjena superdupert med pengar, vera supersosial, gå ner dei 5 kiloane, og ikkje minst begynna å lesa." Herregud, eg sku ønska det var mogleg å setja seg ner å berre lesa. Men det er det ikkje. Liggjande her i senga ved siden av meg no ligg det ein som gjerne vil bli tatt på. Han e lys og fin, litt tjukk, og så er han lånt. Al Gore. Gode, gode Al Gore. Eg skal lesa deg ein dag. Og eg lover at eg skal opna deg bittelitt rett etter at eg er ferdig med å skrive dette. Ikkje at det eg skriv no er så viktig. I alle fall ikkje så viktig som "den globale klimakrisen - vår tids største utfordring".


Uansett. Godt nytt år venner og bekjente. :)
ps. Har feira jula på Gran Canaria saman med mammo, pappen, brodern og kjeristen denna julo.