onsdag 26. november 2008

10 000 tommeltottar!

Eg har ein ny hat-ting på listo mi. Bygga modell.
Eg føler meg som i ein amerikansk serie som må bygga vulkan i skuleprosjekt. Eg vil ikkje vera amerikansk. Ikkje vil eg bygga modell heller. Eg vil ikkje.


Okey, så gale er det ikkje, men herregud kor lei. Eg har 10 tommeltottar, og har ingen interesse for å få meg så mange andre typa fingrar. Det kan andre få ta seg av. (Thomas....) Eg kan godt ta oppvasken dersom han fikser bilen. Sånn er det berre.

Me har altså måtta bygga modell av det huset me har prosjekt om no, eit rekkehus til ein familie på 4. Her er nokre bilete frå dei "fantastiske dagane". Godt å komma seg tilbake til teiknebrettet, den settingen er meir Gunhild. (Og i tillegg så slepper Gunhild og Camilla å fresa endå meir).

Cecilie og Stine Marie
Ine lager møblarEg smiler tappert, mens Camilla arbeider flittig.
Du er så flinke, atte.
Litt av huset før trappo er på plass.

laurdag 22. november 2008

Effektive Gunhild.

Dette har faktisk vore ein litt imponerande dag for min del. Eg stod opp idag tidleg (wow), gjorde ein del leksa, og så var det treningstid (gjekk ned til treningssenteret). Etter å ha svetta suuupermasse handla eg inn til kvelden. Så gjekk eg heim, dusja og gjorde endå litt meir leksa. Deretter begynte eg å baka brød, samtidig som eg lagde meg kvelds (kyllingfilet med fløytesaus, ris, stekt løk og grønnsaker, NAM). Deretter var det tid for å rydda kjøkkenet og legga samen nyvaska kler, og heilt til slutt var det julegaveresearch på nett. Meir effektiv dag enn detta er det lenge sio eg har hatt. Antakeligvis så skylda da den drikken og den litle energibaren eg kjøpte på treningssenteret etter trening.
No er eg forresten stuptrøtt.
Heimalaga jordbærsyltetøy på nybakt brød. Mmm..

Årsaken til min energirike dag?

måndag 17. november 2008

Julekalender

Okey, no er det på tide å gjera dåke klare til jul.
Meld dåke inn i dinna julekalenderen, og hjelp meg samtidig med å gi meg invitasjonspoeng ;)

laurdag 15. november 2008

Star Wars-fan?

Kos dåke med dinna, imponerande kva folk kan mekka samen.

onsdag 12. november 2008

Hurra!

Endelig litt fri. Det krev eit hurra, med utropsteikn! No har eg og den superkreative gruppo mi arbeidd dag og natt (heim til hotell cæsar) for å få klart prosjektet til den 12. november. Skummelt. Lærarane er skumle. Men eg klarte å gi frå meg eit blikk då eg blei avbrytt. Ikkje avbryt meg når eg konsentrerer meg om å snakke på ein normal måte. Og om eg då kjem med nokre litt rare uttalelsar, eller ikkje minst, oppbygging feil i setningar. Ignorer. Eg kan vel ikkje for da, det er vel det som er min litle skjønnhetsfeil. Jada, kjempeskjønne. Prosjektet gjekk bra. Me framførte, fekk veta kva som var feil, og gjekk letta heim over. Ei heil veke til neste prosjekt buldrar i gong. Det skal eg nyta saman med søster mi og den vesle tanteungen min som kjem heim til Stord idag frå Oslo, eg skal reisa med dei frå Bergen. Difor må eg hoppa i dusjen og eta frukost.


Eg skal leggja ut prosjektet så snart eg får det av gruppeleiaren ;)


Eg hadde ikkje noko passande bilete til dette innlegget, og la difor eit bilete av favorittblomen min, Gerberra, som eg forresten fekk ein bukett av frå Thomas sist veka. Heldige meg.