onsdag 31. desember 2008

Schnuppiduppidu - I love you

Då var julo totalt over, og det synst eg er supertrist :( Mest fordi nieso mi, Malene, har reist heim til Oslo igjen.

Eg berre mååtte legga ut noken bilete av gojento:)

Malene fekk mandelen på julafto
Tidlig på morgonen i den nye favorittkjolen ;)

Nissejentene

laurdag 27. desember 2008

Rosa julepresang

God jul!

Då var det romjul, og året er snart over. Eg har feira julo saman med familien min på Valvatna, og søster mi, kjærasten og nieso mi Malene. Ho er forresten verdens finaste jenta :)

Ellers vil eg meddela at eg har fått meg ein ny blogge-PC, nemlig ein acer aspire one, type rosa, av mamma, pappa og Thomas :) Kooos!

Håper at dåke har hatt ei lika fine jul som meg. Og forresten, Alias er verdens kjekkaste brettspel!

onsdag 17. desember 2008

Det er ikkje såå lenge til sommaren

Så har altså dette året komt og gått like raskt som alle dei andre. No er eg heima på Stord for ei lito stund, men må tilbake til Bergen i morgon tidleg for å ha samtale med hovudlæraren min om korleis dette halvåret er gått. Og så er det Ylvis III med Thomas på fredag :D Og øl. Har berre drukket ein gong siden eg flytta til Bergen. Ja, eg er ein skuffande student. Men ein travel ein. På lørdag reiser me endeleg heim til jul, og då sit Malene og venter på meg heima på Valvatne :D
Uansett, det eg vil fram til er at alt går så raskt. Det var nett sommarferie, og no er det snart jul, og Thomas har invitert meg med på ferie til sommaren. Ja, eg har verdens beste kjerist! Eg har fått eit dilemma av han: Roma eller Paris. Herregud, då! Kunne han ikkje heller sagt Hellas eller Bø i Telemark? Det er jo så og sei umulig å velga mellom to sånne flotte, romantiske byar.. Hjelp meg!
Kor ville du reist? Har du vore i ein av byane kanskje? Kjenner du noken som har?

Eiffeltårent, sjanse li se (som eg ville skrive da)

Coloseum, middelhavstemperatur...

torsdag 11. desember 2008

Jul i stovo!

Julo nærmer seg, og Gunhild gleder seg akkurat så masse som Gunhild gleder seg kvart år. Massemassemasse. Eg har prøvd å laga litt julastemning i leiligheten, og her er resultatet.

Mappeinnlevering

Så forferdelig deilig da er å nærma seg jul, når du veit at du fortjener den ferien. No er eg inne i mappeforbetringsdelen, og har ei veka på meg til å fikse på det som det trengs, som skal inn i mappo. På måndag må me levere inn mappa vår, saman med skisseboko, og neste fredag skal eg ha 20 min. samtale, der eg blant anna skal få veta kvar eg ligg på karakterskalaen. Uoffisielt. Deilig. No sit eg altså heima kvar dag, og arbeider med mappo, samtidig som eg har masse fri innimellom ;) I går var eg og Thomas på IKEA og kjøpte nokre småting, og så såg eg på kvitteringen etterpå at me ikkje hadde betalt for dei to persiennene me hadde kjøpt. Haha, så gøy! Det var ikkje vår feil, altså. Eg satte vogna med persienne i, foran han, men han har tydligvis ikkje fått det med seg. Veldig fint for oss! Jaja.. skal prøva å vera litt flinkare å blogga framover, veit kor kjedelig det er å tusla rundt på bloggane til vennene sine, og så er det det same som står der dag etter dag.

Tuddelu :)

Litt etter litt blir mappo fylt opp..

.. og Gunhild er blid.

laurdag 6. desember 2008

Tagging, kjære lesarar!

Då var altså taggingo i gang! Silje har altså tatt seg bryet å legga link til bloggen min inn på hennas side, samt skrive litt om seg sjølv.

Slik er tydlegvis reglane:
- Du må lenke til den du vart tagga av.
- Lag ei liste med seks (u)interessante ting om deg sjølv.
- Tag fem andre bloggarar og let them know.

Eg tagger:
- Katrine
- Nurxhan
- Camilla
- Merete
- Og Silje igjen slik at det blir 5 :p

Ok. Då var det seks ting om meg sjølv:

- Har som mål å bli ei kreativ sjel, byrja med scrapbooking, lage kort, bli flinkare til personlege gaver osv.
- Trur eg er blitt avhengig av kaffi - hovudverk utan.
- Satte meg ved ein datamaskin når eg var superduperliten, og lærte meg alt sjølv. I staden for å bruke ctrl + c (kopiere) og ctrl + v (lime inn), skreiv eg milelange nettstadadresser ned på papir, og skreiv det deretter opp i adresselinja igjen for å komme inn på sidene. Ja, det tok tid.
- Eg blei igjen med Thomas etter å ha kjent han ei veka.
- Silje: eg må innrømma da, eg speler Warhammer.