tysdag 27. januar 2009

Musikk.

Eg har ein musikksmak som ikkje som mange andre eg kjenner, har. Difor høyrer eg mest på musikken min for meg sjølv. Koselig nok det i grunn, men det er noko med det å kunne dele det med andre. Difor skal eg gjera det her, kanskje eg finn meg ein musikkven?

Mine heltar:
Ryan Adams
Thomas Dybdahl
Sondre Lerche
John Mayer

Songar eg nyt for augeblinken:
Thom Hell - Carry Me Easy

John Mayer - Heart of life
John Mayer - Belief
Thomas Dybdahl - Maury The Pawn
Elvira Nikolaisen - Du Va Min

søndag 25. januar 2009

Will.I.Am ft. Obama

Eg liker Obama.
Gjer du?

fredag 16. januar 2009

Gratis klær. Ja takk!

Hei og hå!
Som dåke sikkert har fått invitasjon om sjølv på facebook, så er det noko som heiter gratis klær. Eg har meldt meg inn, av den enkle grunn at eg elsker gratis kler. Jepp.
Det er visst bere å samla poeng, og når du har nok kan du få deg eit gavekort anten hos h&m eller nelly.com.

Meld deg inn du og då, og gjer da gjerna gjennom min link her, så gir du samtidig meg nokre poeng ;) hehe.



(noko må eg jo finna på, på ferjo mellom Haljem og Sandvikvåg)

Tuddelu!

onsdag 7. januar 2009

Scrapping.

No har eg kasta meg ut i ei verd full av papir, stempel, silkeband og ikkje minst; kreativitet. Dei tre fyrste har eg ein god del av allereie, men det er den der sistnevnte eg sliter med.

Planen er eigentleg å laga eit scrapbook-album frå ferien til meg og min kjære frå New York, men eg veit liksom ikkje kvar eg skal starta. Råd?

Søster mi, Synnøve, er supergod til slike ting, søskenbarnet mitt også. Berre sjå her kva Kirstina har laga (den om perlevenner og dei to med pepperkakene). Men begge disse bur på østlandet, alt for langt vekke til å vera min personlige kreative hjerne. Synnøve var derimot heima i julo, og med litt hjelp fekk eg til å laga to personlige esker til Katrine og Merete til jul med heimalaga, strikka pannebånd oppi. Hurra, endelig fekk eg da til! Men så reiste Synnøve....

Esko til Merete
Esko til Katrine.