laurdag 16. august 2008

Tilståelse

Alle har vel noko dei helst ikkje vil innrømma til verden rundt seg. Og det eg no må tilstå er noko som eg verkeleg trudde eg var "over". Eg elsker suppemusikk, boybandmusikk.. Det vil sei: ikkje alt. Eg liker Westlife, Brian McFadden, Christian Ingebrigsten.. Eg nyter det faktisk! Men då må eg samtidig få sagt at det finst forferdelig mykje dårligt der ute. Eg liker f.eks. ikkje Backstreet Boys, Jonas Brothers og alle disse alle dustegruppene. Det er Westlife som er kult! Eg traff dei jo på 15. års-dagen min i Oslo! Fekk klem og allting.. *bevis på veggen på rommet heima hos mamma og pappa*.

Men eg har altså dinna "vanlige" musikksmaken min og. Thomas Dybdahl, Sondre Lerche, Vamp....

Gode songar for tio:
Melee - Built To Last
Missy Higgins - Where I Stood
Jackson Waters - Come Undone