fredag 27. februar 2009

Ekle Gunhild

Eg fekk nylig ein kommentar som var som følgje: Du er så nostalgisk at det er ekkelt. Det synst eg var ein ny vri, men lika morsomt og kreativt likavel ;) Og kommentaren gjere meg ingenting.
Grunnen til at det dukka opp var fordi eg fortalde så engasjert som eg kunne om melodi grand prix vinnaren Alexander Rybak (som eg visste ville vinna), og om kvifor både eg og resten av landet elska han. Han fekk jo tross alt 750 000 stemmer. Det er ****** mange stemmer for oss her i vesle Noreg.

Og så tilbake til nostalgien då. Nynorsk. Kvar skal eg byrje? På VKII hadde eg og
Silje prosjekt om korleis det norske språket blir påverka av det engelske. Me fekk input (!) av både Harald Eia og språkforskarar, og fekk den strålande karakteren 5 etter å ha dratt med oss Sigmund opp på scenen. Men altså: språket vårt kjem til å vika meir og meir til side pga det engelske, noko som Harald Eia forresten synst var heilt OKEY (!). Der er eg og han veldig usamde.

Uansett, hovudpoenget mitt kjem eg til no: ein ting er at det norske forsvinn til fordel for det engelske, men kva med nynorsken då? Det irriterer meg hakk i hjel at fleire og fleire "skifter" skriftspråk, når me bur i den største nynorskkommunen i verda (eller noko sånn?).
Det at eg er student i Bergen no, gjer at det koker endå litt meir i toppen. I Bergen skriv dei bokmål!! (Ja, Silje, den der fortjente 2 utropsteikn.) Og kva med Stavanger? Bokmålsskriving der og?

Me som bur midt mellom disse "storbyane" må ta vare på språket vårt så godt me kan. Det er jo ein del av oss og historia vår, og det hadde vore utruleg kjipt å miste det til fordel for bokmål, og eventuelt til slutt for det engelske.

Ditta måtte bli sagt, så får eg heller berre vera litt ekkel.

torsdag 19. februar 2009

Melodi Grand Prix

Dette innlegget har eg dedikert til Alexander Rybak, ein av finalistane i årets melodi grand prix i Noreg. På laurdag blir det avgjort kven som skal representera landet vårt i den europeiske finalen, og eg har rett og slett berre ein ting å sei:

Stem på Alexander Rybak!



Ja, eg er stor fan av melodi grand prix..

onsdag 18. februar 2009

Tuddelu!

Oi, så fort tida går.. Føler det nettopp var jul og nyttår, men så er me jo snart i Mars. På denne tida har me hatt 2 prosjekt på skulen, det siste skal eg presentera for lærar og klassen i morgon tidleg. Alltid lika spennande, og litt nervepirrande. Er det godt nok? Denne gong har me hatt om bad, og både membran, våtpressa- eller tørrpressa fliser, sløyfer, lekter, gips og alt anna som følgjer med, har fyllt opp hjernen min den siste veka. Endeleg har eg lært meg det òg. Men kjekt er det nå, heldigvis.

Ellers får eg vel, endeleg, ta imot utfordringa frå Silje.

1. Gå inn på Mine Bilder
2. Velg den 6. mappa
3. Finn det 6. bildet
4. Sett inn bildet på bloggen og skriv litt om det.
5. Send utfordringa vidare.

Eg utfordrar Merete, Katrine, Camilla og Linda

Bilete av meg og pappa, på min siste dag som russ, nemleg 17. mai for 2 år sidan. Det lange håret vil eg ha tilbake, våren òg.