søndag 14. september 2008

Den dagen Penny Pingvin redda meg.

Jepp.. Så var det min tur til å bli sjuk dinna gongen. Og det som er så kjedelig! Spesielt siden viasatfolko endå ikkje har fått montert parabolo vår (sidan eit hus står i vegen må me antakeligvis bestilla lift for å få den opp. Berre 1500-2000 kr..), men mest og fordi eg sit her i leiligheten heilt aleina. Thomas er i Nordsjøen, og kjem kje heim før om 9 dagar. Det er ikkje sånn det fungerer. Når du er sjuk skal du få trøyst, massasje, mat skal bli servert, og eit "ååh, dakar deg som er sjuk", skal koma annakvar time, minst. Så kva gjer eg på? Når eg ikkje snyter meg, sover eller hoster ser eg på Sex og singelliv (som btw er kanonkjekt, takk for tips Marit), eller så "surfer" eg på nett. Og idag, via Katrine, fant eg fram til Silje sin blogg. http://siljeht.blogg.no Veldig koselig og lesa :) Men det som fanga interessa mi mest var sida om spelanbefalingar.

"Du styrer Penny Pingvin som har gått seg vill og treng å finna tilbake til familien sin. Difor har ho fått jobb som servitør for å tena opp nok pengar. Her kjem du inn i biletet, og du må hjelpa Penny med å finna bord til de andre pingvinkundane, ta imot bestillingar, servera dei maten og tilslutt ta i mot pengar og tips."

Så fantastisk kjekt, tenkte eg! Det er akkurat dette eg treng no. Og der satt eg, i godt over ein time, og koste meg med "Penny Pingvin". Anbeaflast sterkt på ein kjedelig søndag, eller ikkje minst, ein søndag du er sjuk og ikkje har meir enn 4 kanalar på TV!

Prøv spelet her

Ingen kommentarer: