søndag 7. september 2008

Tilbake på skulebenken

Då har eg og Thomas flytta til Bergen. Me har til og med oppvaskmaskin! Herregud, så fantastisk! Aldri undervurder da vidunderet av ein gjenstand. I tillegg til å ha flytta inn og slått oss til ro i Bergen, har eg begynt på interiørlina på Norges Kreative Fagskule. Der koser eg meg veldig foreløpig, blir spennande når me skal byrja med skikkelige prosjekt og slikt.

Det som var morsomt når eg kom første skuledagen, var at det var kanonmasse kjendsfolk som og gjekk/skulle begynne der. Linn Therese, Ida, Therese og Mona frå media, Henriette som eg gjekk i klasse med siste året på vgs, Christine som eg var masse med før, og Øystein som gjekk i parallellklassen min i 9 år :) Veldig kjekt!

Det eg no kvir meg mest til framover er all teikninga me skal drive med. Eg har nemlig aldri teikna noko særleg, etter 10-årsalderen, og kan i alle fall ikkje alle disse teknikkane og navno på alt utstyret så finst. Mamma er likevel så snill at ho seier til meg at: åh, var det ein teikning? Eg trudde du hadde tatt bilete av den! haha, jaaa..... Takk takk!

Ingen kommentarer: