søndag 21. september 2008

Søndag, men ikkje skulefri.

For første gong på snart 1 1/2 år har eg plutselig leksa igjen. Heldigvis er denne typen leksa litt betre enn den mattelekso, eller ikkje minst, NATURFAG-lekso me hadde på på Vidaregåande. No er det i grunn meir kos, me har nemlig begynt å læra å teikna planteikning, og sjølv om det er masse arbeid (eg har jobba med det i sikkert 7-8 timar idag og er halvveis), så er det kjekt. Det eine minuset er berre at armane mine er endå ikkje blitt noko betre, så eg treng mange pausar når eg teiknar, og eg endar til slutt med veldig vondt i armane, kjenner det svir oppover musklane nettså. Ikkje så deilig som det høyres ut som. Då er det godt det finst Orudis og is-gelè;)

Oppgåva eg arbeidder med no er å teikne mitt eige soverom. Måle opp, teikne planteikning, veggoppriss av dei veggane der det skjer noko (f.eks. dører, vindauger osv), og heilt til slutt teikne alt på nytt inni A3-format med tittelfelt, og med tusj. Altså ein del arbeid. Men eg skal nok bli ferdig til slutt, har som sagt kome halvveis no, og har studiedag i morgon, så skal arbeidde med resten då. Det som er litt kjekt med at eg får arbeidde med soverommet mitt, er at eg held på å planlegge korleis eg vil ha det der inne. Skal kjøpa oss ny garderobe og allting. Spennande :)

Min arbeidskrok.
Den første planen av rommet.

Grunnen til at eg faktisk har klart å arbeidda i såpass mange timar i dag er fordi Thomas framleis er i Nordsjøen, han reiser til Stord i morgon, og kjem til meg på tysdag, med bil og sertifikat! Så eg sit her aleina. 2 veker har vore lenge, og eg har begynt å tenka meir og meir på å skaffa med ein pusekatt. Sidan Simba dø midt i julaferien i 2005, har eg hatt så lyst på ein ny, men mamma og pappa har hatt rett når dei har sagt at det ikkje passar. Ein pus har du jo i mange år, og når eg bur i by og reiser heim i helgene, så er det jo litt vanskelig å ha ein pus. Ikkje kunne eg ha hatt den med meg heim i helgene heller, sidan armane mine er lika sterke som.. Vel, dei er så svake, at det er ingenting dei kan samanliknast med. Men desse to vekene har tanken streifa meg igjen. Eg reiser jo ikkje så ofte heim til Stord, og så lenge pusen har mat vil den vel klara seg i 2-3 dagar heilt aleina? Eg har t.o.m nett høyrt om ei som har fått seg pus her i Bergen, men som eigentleg er frå Stord. Tenk så koselig då! Når eg sitter her aleina i fleire veker så har eg noken her med meg som eg kan kosa med og snakka til. Ja, eg snakker med pusar.

Viss det er noken som har erfaring med å ha pus og vera student i ein annen by, pleease fortell meg. Eg har så lyst på ein liten pusekatt :)

Bilete av Simba, verdas finaste pus, som desverre måtte avlivast etter ei trafikkulykke:(

7 kommentarer:

Silje sa...

Gunhild! Linjo du går på hørres utrulig spennande ut! :)
Me skal ta med oss Pusi (vår katt siden mars) frå Dale og hit når me flytter inn i leiligheten. Forhåpentligvis imåro! :) Eg er utrulig spent på koss da går å flytta han når han er vant til å bu i skogen på Dale, men altså, eg trenge ein katt til selskap når Christian jobbe natt heila tio ;) Derfor stemmer eg for at du får deg ein liten pus! Ingenting er koseligare, elle meir selskap i! :)

Gunhild sa...

Okei, takk for ein slik kommentar som eg håpa på ;) hehe. Er han ute på natto då eller?

Og ja, linjo er spennande :)

Silje sa...

Eg leste litt om flytting av katt, og der stod da at han burde holdast inne i ca 4 veker før han fekk gå ut på den nye plassen. For vår del er ikkje da så veldig aktuelt, siden han er vant med å ver ute, går på do ute osv, men du skal jo kanskje ha deg ein kattunge? :) Me har iallfall tenkt å gjer da på den måten at me gradvis følge han ute. Heila tio i begynnelsen, så meir og meir aleina. Eg er superspent på koss da går! :) Heldigvis e han kastrert, så han e ganske rolig av seg ;) Har du bestemt deg for om du ska skaffa deg ein? :D

Linda sa...

Hei! Kall meg gjerne overivrig, men eg hadde veldig lyst på ein katt for ei stund siden, men eg følte det kanskje var litt egoistisk ovenfor katten som ikkje hadde fått så mange utemulighetar. Så eg sendte mail til dyrebeskyttelsen (jada), og her er svaret:

Heisann

Ja, vi vil nok anbefale deg å vente med å skaffe katt. Vi har ofte bruk
for fosterhjem og siden det er en midlertidig løsning så kan det kanskje
være en ìde? Om det høres interessant ut så kan du bare ta turen innom
senteret vårt å snakke med en av kveldsvaktene. De kan gi mer info og
samtidig registrere deg.

Hilsen Torill
Dyrebeskyttelsen Bergen

- Då får du faktisk i tillegg sponsa kattemat og sand og alt fra dyrebeskyttelsen :)

Gunhild sa...

Oi, så spennande! Og snilt gjort, ikkje minst. Einaste er at eg ikkje hadde klart å gi frå meg pusen etter ei stund. Tenk så forferdelig :(

Eg har ikkje bestemt meg endå, er så usikker pga reising og alt muligt sånn. Må nok tenka godt over det før eg gjer noko meir. Stort ansvar :)

Silje sa...

Da finst jo òg reine innekattar, som Hellig Birma. Naboen har ein sånn ein, de er knallfine. :) http://home.online.no/~bibaglo/kattunger.htm , sjekk ut! ;)

Gunhild sa...

Takk :)