onsdag 12. november 2008

Hurra!

Endelig litt fri. Det krev eit hurra, med utropsteikn! No har eg og den superkreative gruppo mi arbeidd dag og natt (heim til hotell cæsar) for å få klart prosjektet til den 12. november. Skummelt. Lærarane er skumle. Men eg klarte å gi frå meg eit blikk då eg blei avbrytt. Ikkje avbryt meg når eg konsentrerer meg om å snakke på ein normal måte. Og om eg då kjem med nokre litt rare uttalelsar, eller ikkje minst, oppbygging feil i setningar. Ignorer. Eg kan vel ikkje for da, det er vel det som er min litle skjønnhetsfeil. Jada, kjempeskjønne. Prosjektet gjekk bra. Me framførte, fekk veta kva som var feil, og gjekk letta heim over. Ei heil veke til neste prosjekt buldrar i gong. Det skal eg nyta saman med søster mi og den vesle tanteungen min som kjem heim til Stord idag frå Oslo, eg skal reisa med dei frå Bergen. Difor må eg hoppa i dusjen og eta frukost.


Eg skal leggja ut prosjektet så snart eg får det av gruppeleiaren ;)


Eg hadde ikkje noko passande bilete til dette innlegget, og la difor eit bilete av favorittblomen min, Gerberra, som eg forresten fekk ein bukett av frå Thomas sist veka. Heldige meg.

2 kommentarer:

Silje sa...

Hurra - ein update! :)

Når eg blir ivrig stokkar alltid orda seg. Og eg ser SÅ for meg blikket ditt :b

Gunhild sa...

hehe, ja det er viktig med blikk av og til. Dei seier meir enn tusen knotete setningar med ord!