onsdag 26. november 2008

10 000 tommeltottar!

Eg har ein ny hat-ting på listo mi. Bygga modell.
Eg føler meg som i ein amerikansk serie som må bygga vulkan i skuleprosjekt. Eg vil ikkje vera amerikansk. Ikkje vil eg bygga modell heller. Eg vil ikkje.


Okey, så gale er det ikkje, men herregud kor lei. Eg har 10 tommeltottar, og har ingen interesse for å få meg så mange andre typa fingrar. Det kan andre få ta seg av. (Thomas....) Eg kan godt ta oppvasken dersom han fikser bilen. Sånn er det berre.

Me har altså måtta bygga modell av det huset me har prosjekt om no, eit rekkehus til ein familie på 4. Her er nokre bilete frå dei "fantastiske dagane". Godt å komma seg tilbake til teiknebrettet, den settingen er meir Gunhild. (Og i tillegg så slepper Gunhild og Camilla å fresa endå meir).

Cecilie og Stine Marie
Ine lager møblarEg smiler tappert, mens Camilla arbeider flittig.
Du er så flinke, atte.
Litt av huset før trappo er på plass.

5 kommentarer:

Katrine :) sa...

stilig:) glede meg t å sjå meir..

Gunhild sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Gunhild sa...

Det blir i alle fall ingen pepperkakehusbygging i år.

Silje sa...

Gunhild-søte! Eg har tagga deg. Gi meg noko unyttig informasjon. ;) http://siljeht.blogg.no/1228431806_05des2008.html

Gunhild sa...

Right back at you ;)