onsdag 17. desember 2008

Det er ikkje såå lenge til sommaren

Så har altså dette året komt og gått like raskt som alle dei andre. No er eg heima på Stord for ei lito stund, men må tilbake til Bergen i morgon tidleg for å ha samtale med hovudlæraren min om korleis dette halvåret er gått. Og så er det Ylvis III med Thomas på fredag :D Og øl. Har berre drukket ein gong siden eg flytta til Bergen. Ja, eg er ein skuffande student. Men ein travel ein. På lørdag reiser me endeleg heim til jul, og då sit Malene og venter på meg heima på Valvatne :D
Uansett, det eg vil fram til er at alt går så raskt. Det var nett sommarferie, og no er det snart jul, og Thomas har invitert meg med på ferie til sommaren. Ja, eg har verdens beste kjerist! Eg har fått eit dilemma av han: Roma eller Paris. Herregud, då! Kunne han ikkje heller sagt Hellas eller Bø i Telemark? Det er jo så og sei umulig å velga mellom to sånne flotte, romantiske byar.. Hjelp meg!
Kor ville du reist? Har du vore i ein av byane kanskje? Kjenner du noken som har?

Eiffeltårent, sjanse li se (som eg ville skrive da)

Coloseum, middelhavstemperatur...

2 kommentarer:

Katrine :) sa...

hard choice.. ;) men Roma hørres vakkert ut! litt "lei" av Paris. men kunne tenkt meg begge dele:P da va vel eit valg da og? tihi;) :P

Gunhild sa...

hehehe;) Eg får gå til Thomas og ta ein Ole Brum: Ja takk, begge deler ;)