torsdag 11. desember 2008

Mappeinnlevering

Så forferdelig deilig da er å nærma seg jul, når du veit at du fortjener den ferien. No er eg inne i mappeforbetringsdelen, og har ei veka på meg til å fikse på det som det trengs, som skal inn i mappo. På måndag må me levere inn mappa vår, saman med skisseboko, og neste fredag skal eg ha 20 min. samtale, der eg blant anna skal få veta kvar eg ligg på karakterskalaen. Uoffisielt. Deilig. No sit eg altså heima kvar dag, og arbeider med mappo, samtidig som eg har masse fri innimellom ;) I går var eg og Thomas på IKEA og kjøpte nokre småting, og så såg eg på kvitteringen etterpå at me ikkje hadde betalt for dei to persiennene me hadde kjøpt. Haha, så gøy! Det var ikkje vår feil, altså. Eg satte vogna med persienne i, foran han, men han har tydligvis ikkje fått det med seg. Veldig fint for oss! Jaja.. skal prøva å vera litt flinkare å blogga framover, veit kor kjedelig det er å tusla rundt på bloggane til vennene sine, og så er det det same som står der dag etter dag.

Tuddelu :)

Litt etter litt blir mappo fylt opp..

.. og Gunhild er blid.

Ingen kommentarer: