onsdag 1. oktober 2008

Tema 2 - Soverom

Då var endelig første prosjekt over. Eg skriv endelig fordi det har vore utrulig tungt sidan det var den første skikkelege oppgåvo vår. Natt til tysdag sat eg oppe til halv 3 på natto for å teikne ferdig, og då onsdagen endeleg kom og presentasjonen var over var eg i skyene. Dvs. det er fortsatt onsdag, men etter å ha gått i djup søvn etter at eg kom heim (der eg forresten drøymde om planteikningar og prosjekt) hadde eg fått tilbake nok energi til å faktisk oppdatera bloggen. Forresten så har eg kost meg veldig mykje med dette prosjektet, eg trur dette er noko for meg. I alle fall på dette nivået ;)

Her er forresten prosjektet mitt, med teikningar og plansje, så kan dåke sjå ka me driver med.


Oppgåva mi:
Oppgåva gjekk ut på å innreie eit barnerom til to brødre. Innanfor dei fire veggane skulle det vera plass til klede, skulebøker, pult til lekser, ein ekstra overnattingsgjest og ikkje minst plass til leik.

Familien Johansen består av mamma Anita, pappa Fredrik, Jonathan på 7 år og Mathias på 9 år. Dei bur i ein treromsleilighet, og treng difor ei god løysning på plassmangelproblemet sitt. Mathias har ADHD, og dette var veldig viktig å ta hensyn til, i forhold til fargar, organisering og aktivitet til han. Han er i tillegg veldig glad i fotball, og med ein far som trenar er det ikkje rart han vil bli fotballspelar når han blir stor. Jonathan er av den meir rolege typen, han liker dinosaurar, teikneseriar, lesing og maling, og for han var det difor viktig å få ein roleg krok der han kunne kose seg med sitt.



4 kommentarer:

Silje sa...

Da ser superprofft ut! ;)

Gunhild sa...

hehe, takk for da! Det tar tid skal eg sei deg!

tante bassa sa...

Ja det må jeg si - lille kusina mi ! Ser profft ut. Jeg gleder meg til du blir ferdig på skolen og kommer til meg og tar sånn "hummelvoll - med røde, hvite og gule pappesker" og tegner og forteller meg hvordan jeg skal utnytte mine få og små kvadratmeter ...... - til kusinerabatt ! -
Klem fra Kirstina

Gunhild sa...

hehe, tusen takk! Og jada, eg kjem eg om noken år ;)